| Detaljar |
Arv |
| Vekt |
88 g |
| Stål |
Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
| Bladtjukkelse |
3,0 mm |
| Bladlengde |
87 mm |
| Konstruksjon |
Stikktange |
| Skaftmateriale |
Masurbjørk, reinsdyrshorn, farga lær |
| Lengde handtak |
104 mm |
| Sliremateriale |
Ekte vegetabilsk lær |
| Designer |
Helle |
| Designår |
2016 |
Arv er ein kniv som er verdt å sende vidare i generasjonar - akkurat slik som metodane som vart brukt for å lage denne kniven.
Denne modellen er forma som ein klassisk norsk turkniv, men ser ut som ein klassisk norsk bunadskniv. Den har eit høgpolert blad i solid trelagsstål, og kjem med ein barberingsklar egg ut av slira.
Handtaket er sett saman av tre av Helle sine favorittmateriale: Reinsdyrhorn, masurbjørk og lær. Det ulike fargespekteret i desse materiala gjer at kniven skil seg ut og ser særs fin ut på beltet.
Kvar kniv kjem i klassisk, pressa skandinavisk slire i brunt, vegetabilsk lær med baksydd søm.